Årets matkulturbloggar 2019


Julemiddagen vart tilberedt på undervisningskjøkkenet og vi kosa oss med vårt eige heimelaga julemåltid med pinnekjøt, mørpølser, medisterpølser, rabbestappe, surkål, gode poteter, ripssaft, riskrem, raud saus og nysteikte krumkaker! Bordet var nydelig dekka og det lukta og smakte himmelsk sunnmørsk jul!

Høgskulen i Volda. Mat, kultur og konservering sitt bilete.
Julemiddag med Mat, kultur og konservering 2019. Foto: Kari Ryslett.

Det er 13 ulike bloggar om 4 ulike tema lenka til denne studiebloggen, det vil seie 52 blogginnlegg. Studentane har avgitt sine stemmer og kåra vinnarane av bloggkonkurransen i dei ulike kategoriane. Resultatet vart slik:



Årets matkulturbloggar: Liz Torine Enerhaug
Beste blogginnlegg om sylting, safting og  hermetisering: Madelen Myren
Beste blogginnlegg frå familiedagen på Haualeite: Lene Gamlemshaug
Beste blogginnlegg om tradisjonsbakst: Lene Gamlemshaug
Beste blogginlegg om konservering av kjøt: Robin Urke Brunstad

Sjå omtale på HVO veven om Årets matblogg


Høgskulen i Volda. Mat, kultur og konservering sitt bilete.
Pinnekjøt, rabbestappe, rødkål,medisterpølse, dampemår og heimelaga saft.Foto: Kari Ryslett.

Vi ønsker alle våre studentar ei riktig god jul og eit godt nyttår!

Beste helsing Kari og Marianne

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Kven blir årets matkulturbloggar?

Velkommen til Mat,kultur og konservering (MKK 101)