Kven blir årets matkulturbloggar?

De studentar har to blogginnlegg igjen å presentere og deretter er det duka for bloggfinale, som er vår eiga interne kåring av dei beste bloggane. Dette skjer på den siste samlinga før jul. Alle studentane skal stemme anonymt torsdag 5.desember og utdeling av premiar, heder og ære skjer under julemiddagen fredag 6. desember. Kategoriane er:

1. Beste blogginnlegg om sylting, safting og   hermetisering
2. Beste blogginnlegg frå familiedagen på Haualeite
3. Beste blogginnlegg om takke- og tradisjonsbakst til julehøgtid
4. Beste blogginlegg om konservering av kjøt
5. Årets matkulturbloggar

Kriteria er: gode bilde, lesbar tekst, bra faglig nivå og rett og slett di subjektive meining om korleis som er eit lesbart, ryddig og kjekt blogginnlegg ser ut!

Bloggpremiar 2019. Foto: Kari Ryslett


Kven kan stemme? Alle studentane skal stemme anonymt på alle kategoriane, torsdag 5.desember 2019 . Lærarane Kari og Marianne har dobbeltstemme.

Husk på at når bloggane din er vurdert er den din eigedom. Du kan slette bloggen, endre den, viderutvikle den eller lage deg ny blogg. Eg foreslår at fagbloggen kan ligge att på internett som eit digitalt spor etter deg. Kanskje fagbloggen kjem deg til nytte ein dag?

Beste helsing Kari Ryslett

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Årets matkulturbloggar 2019

Velkommen til Mat,kultur og konservering (MKK 101)