Årets matkulturbloggar 2019
Julemiddagen vart tilberedt på undervisningskjøkkenet og vi kosa oss med vårt eige heimelaga julemåltid med pinnekjøt, mørpølser, medisterpølser, rabbestappe, surkål, gode poteter, ripssaft, riskrem, raud saus og nysteikte krumkaker! Bordet var nydelig dekka og det lukta og smakte himmelsk sunnmørsk jul! Julemiddag med Mat, kultur og konservering 2019. Foto: Kari Ryslett. Det er 13 ulike bloggar om 4 ulike tema lenka til denne studiebloggen, det vil seie 52 blogginnlegg. Studentane har avgitt sine stemmer og kåra vinnarane av bloggkonkurransen i dei ulike kategoriane. Resultatet vart slik: Årets matkulturbloggar: Liz Torine Enerhaug Beste blogginnlegg om sylting, safting og hermetisering: Madelen Myren Beste blogginnlegg frå familiedagen på Haualeite: Lene Gamlemshaug Beste blogginnlegg om tradisjonsbakst: Lene Gamlemshaug Beste blogginlegg om konservering av kjøt: Robin Urke Brunstad Sjå omtale på HVO veven o...