Innlegg

Viser innlegg fra oktober, 2019

Kven blir årets matkulturbloggar?

Bilde
De studentar har to blogginnlegg igjen å presentere og deretter er det duka for bloggfinale, som er vår eiga interne kåring av dei beste bloggane. Dette skjer på den siste samlinga før jul. Alle studentane skal stemme anonymt torsdag 5.desember og utdeling av premiar, heder og ære skjer under julemiddagen fredag 6. desember. Kategoriane er: 1. Beste blogginnlegg om sylting, safting og   hermetisering 2. Beste blogginnlegg frå familiedagen på Haualeite 3. Beste blogginnlegg om takke- og tradisjonsbakst til julehøgtid 4. Beste blogginlegg om konservering av kjøt 5. Årets matkulturbloggar Kriteria er: gode bilde, lesbar tekst, bra faglig nivå og rett og slett di subjektive meining om korleis som er eit lesbart, ryddig og kjekt blogginnlegg ser ut! Bloggpremiar 2019. Foto: Kari Ryslett Kven kan stemme? Alle studentane skal stemme anonymt på alle kategoriane, torsdag  5.desember 2019 . Lærarane Kari og Marianne har dobbeltstemme. H...

Velkommen til Mat,kultur og konservering (MKK 101)

Bilde
Takk for ei kjekk og triveleg samling på MKK 101 med safting, sylting og hermetisering ved Høgskulen i Volda. Det er alltid spennande med nye studentkull, så hjertelig velkommen! No har alle kome i gang med blogging og de vert etterkvart godt kjende med verktyet. På din blogg kan du skifte layout, heading, fargar og finpusse på din profil. Det viktigaste du skal gjere fagleg er å lage ein tekst med kjeldetilvisningar og å sette inn bilder eller film. Den kan vere lurt å skrive teksten i Word og samle saman bilda eller lenkene før set saman og publiserer blogginnlegget ditt. Studentar ved Mat, kultur og konservering 2019-2020. Husk at bloggen er DIN, du bestemmer utforming, bilder, tekst og har kontroll på ditt kommentarfelt – dersom du ikkje likar ein kommentar så slett den. Lykke til med produkta som du skal lage og dokumentere fagleg bloggen! Beste helsing Kari Ryslett